Bachelornivå
Norsk
Haust
Studenten skal gjennom studiet tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om kristendommen, jødedommen og islam. RELV102 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i religionsvitskap. Emnet kan inngå som ei sjølvstendig eining i ein bachelorgrad.
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskap
Gode kunnskapar om kristendommen, jødedommen og islam.
Ferdigheiter
Evne til å analysera fagstoff og trekka eigne slutningar.
Evne til å skriva ein resonnerande tekst.
Evne til å utføra samanliknande analyser av tema innafor dei tre religionane.
Generell kompetanse
Generell innsikt i religionsvitskapeleg vokabular.
Erfaring med å arbeide både sjølvstendig og i gruppe.
Erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg.
Ingen
Ein del av pensumlitteraturen er på engelsk. I tillegg til generell studiekompetanse bør derfor studenten ha gode engelskkunnskapar.
Normalt 15-20 forelesingar (à to timar), 5-10 seminar.
I tillegg til forelesingar som skal tene til å utdjupe og utfylle pensum vert det også arrangert arbeidsseminar leia av undervisningsassistentar.
Deltaking i gruppeundervisning er obligatorisk og det blir kravd minst 50 % frammøte. Obligatoriske aktivitetar i gruppeundervisninga består av innlevering av ei oppgåve på 1000 ord, og fagleg kommentering av andre sine oppgåver minst ein gong. I tillegg er det forventa at alle studentar førebur seg og set seg inn i tekstar som vert tekne opp i gruppeundervisninga.
Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen. Alle obligatoriske aktivitetar må gjennomførast i same semester. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.
Eksamen består av ein seks timars skuleeksamen i slutten av semesteret.
I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligga til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)