Studenten skal gjennom studiet tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om hinduisme og buddhisme, og kunnskapar om historia og særtrekk til dei andre religionane. Studenten skal også studere eit utval tekster knytt til hinduismen og buddhismen.
Emnet gjev ei innføring til hinduismen, buddhismen, sikhismen, jainismen og zoroastrismen, samt kinesiske og japanske religionar. Særleg vekt er lagt på hinduismen og buddhismen.
RELV103 er ein obligatorisk del av bachelorstudiet og årsstudiet i religionsvitskap.
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
Kunnskap om opphav, utvikling og variasjon innanfor hinduismen, buddhismen, sikhismen, jainismen og zoroastrismen, samt kinesiske og japanske religionar, innsikt om sentrale idear, omgrep og ritar innanfor desse religionane, samt om deira gjensidige påverknader og brytningar og deira samspel med kulturen elles.
Kunnskap om sentrale tema og problemstellingar innanfor studiet av desse religionane, samt om grunnleggjande forskingsperspektiv og -omgrep.
Ferdigheiter
Evne til å setje seg inn i eit variert tekstmateriale på både norsk og engelsk, kunne behandle og vurdere informasjon kritisk, analysere fagstoff og dra eigne slutningar, samt evne til å kunne skrive ei resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Røynsle med å tolke og presentere informasjon.
To oppgåver (mellom 800 og 1200 ord) skal leverast i løpet av semesteret. Oppgåvene skal leverast på Mitt UiB.
Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.
Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar. Prøva har to komponentar: eit essay og 10 spørsmål som skal svarast på kort. Både essayet og spørsmåla må fylle eit minimumskrav for at studenten skal få greidd karakter på eksamen. Minimumskravet på spørsmålsdelen er 5 poeng (det er mogleg å få 0, ½ eller 1 poeng på kvar spørsmål).
Spørsmåla tel 40 prosent og essayet tel 60 prosent i karaktersetjinga på RELV103.
Eksamen vert avvikla i kvart semester.