Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
Kunnskap om opphav, utvikling og variasjon innanfor hinduismen og buddhismen, innsikt i sentrale idear, omgrep og ritar innanfor desse religionane, samt om deira gjensidige påverknader og brytningar og deira samspel med kulturen elles.
Kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innanfor studiet av desse religionane, samt om grunnleggjande forskingsperspektiv og -omgrep.
Ferdigheiter
Evne til å setje seg inn i eit variert tekstmateriale på både norsk og engelsk, kunne behandle og vurdere informasjon kritisk, analysere fagstoff og dra eigne slutningar, samt evne til å kunne skrive ein resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Røynsle med å kunne planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, samt med å tolke og presentere informasjon.
Ei skriftleg oppgåve (mellom 800-1200 ord) skal leverast elektronisk i løpet av semesteret til oppgitt frist på Mitt UiB.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Eksamen består av ei skriftleg prøve på tre timar.
Eksamen vert avvikla i kvart semester. Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Det humanistiske fakultet.