Bachelor
Norsk
Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt område av historisk eller systematisk karakter.
Forutsett at emnet vert tilbudd det inneverande semesteret, kan studenten velja eit av eventuelt fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk eller teoretisk karakter.
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskap
Djupnekunnskap innafor temaet.
Kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
Kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.
Ferdigheiter
Evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
Evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
Evne til å finne relevant fagleg informasjon.
Evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
Evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.
Generell kompetanse
Generell innsikt i temaet.
Erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.
Ingen
Avlagt eksamen i RELV101 og minst eit av dei andre emna på 100-nivå er sterkt å tilrå. Andre krav til forkunnskapar er gjort greie for under omtalen av dei enkelte emnealternativa.
Obligatorisk aktivitet knytt til undervisninga. Sjå dei enkelte temaalternativa for nærare opplysingar. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne møte til eksamen.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det organisert studentevaluering av studieopplegg og undervising, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligge til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)