Studenten skal gjennom studiet tileigna seg utdjupa kunnskapar om religionar og religiøsitet sett frå kognitive og evolusjonsteoretiske perspektiv. Studentane skal utvikle kjennskap til sentrale metodar samt viktige teoriar om:
- kvifor menneske trur på gudar
- religion som evolusjonær tilpassing eller bi-produkt
- kognitive aspekt i ritual
- sammanhengen mellom religion og minne
- antropomorfisering i religion
- dødsførestellingar
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
- kunne gjere greie for viktige teoretiske tilnærmingar og modellar i studiet av religion
- kjennskap til sentrale omgrep, perspektiv og metodar i det kognitivistiske og evolusjonsteoretiske studiet av religion
Ferdigheiter
- evne til å analysere fagstoff og trekkje eigne slutningar
- erfaring med å formidle informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg
- evne til å skriva ein resonnerande tekst
Generell kompetanse
Evne til å skaffe seg informasjon på eiga hand, til å vurdere han kritisk og vitskapleg og til å bringe han vidare til andre på forståeleg vis.
Grunnleggjande kunnskapar i religionsvitskap tilsvarande RELV101.
Mykje av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør difor ha gode engelskkunnskapar.
Studenten skal utforme og presentere ei tenkt prosjektskisse (1-2 sider) som inkluderer ei problemstilling, teori- og metodeval og forskningsetiske refleksjonar.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Eksamen består av to komponentar: ei semesteroppgåve og ein justerande munnleg eksamen knytt til oppgåva.
Innlevering av semesteroppgåva skal skje elektronisk. Oppgåva skal vere på omlag 5000-6000 ord.