Studenten skal gjennom studiet tileigna seg inngåande kunnskapar om islam. Både historiske tema og aktuelle tema vert fokusert på: Koranen og korantolking, hadithlitteraturen, islamsk rettsvitskap, og muslimsk rituelt liv, vidare islam og kjønn, muslimske rørsler og retningar, og visuelle uttrykk for muslimske trusforestillingar.
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
- gode kunnskapar om det historiske og tekstlege grunnlaget for islam og om framveksten av ulike tolkingar som presenterer islam som ein religion i endring
- kunnskapar om ulike former for islam og muslimske religiøse ritual og høgtider, islam og kjønn, muslimske rørsler og retningar
- kunnskapar om korleis muslimske trusforestillingar kan bli gitt uttrykk ikkje berre i tekstar eller handlingar, men også i visuelle medium
Ferdigheiter
- evne til å setja kunnskapane om islam inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar,
- evne til å analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar,
- evne til å skriva ein resonnerande tekst,
- evne til å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
Studenten skal kunna
- skaffa seg informasjon på eiga hånd, og vurdera han kritisk og vitskapeleg
- formidla informasjon og teoriar frå dette kunnskapsfeltet
- kommunisera faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innafor fagområdet
Grunnleggjande kunnskapar om islam tilsvarande RELV102 er ein føresetnad.
Mykje av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha gode engelskkunnskapar.
8- 10 forelesingar/seminar à to timar pr veke fordelt over heile semesteret
Obligatorisk oppmøte ved undervisning på minst 75%. Studentane skal halde minst eitt seminarinnlegg basert på pensum, og diskutera kvarandres arbeid.
Oligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne møte til eksamen.
Oligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne møte til eksamen.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemester dei vart godkjende.
Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar.
studierettleiar@ahkr.uib.no