Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt tema av historisk eller systematisk karakter.
Forutsett at emnet vert tilbydd, kan studenten velje eit av eventuelt fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk karakter.
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskap
Djupnekunnskap innafor temaet.
Kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
Kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.
Ferdigheiter
Evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
Evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
Evne til å finne relevant fagleg informasjon.
Evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
Evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.
Generell kompetanse
Generell innsikt i temaet.
Erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.
Forelesingar og seminarundervisning.
Utanom forelesings- eller seminarrekker vil undervisninga i temaa kunna skje i form av rettleiing.
Sjå dei enkelte temaalternativ for nærare opplysingar. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne møte til eksamen.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar.
Eksamen vert avvikla kvart semester. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere oppfylde for å kunne møte til eksamen.