Emner: RELV306 Religionsvitenskapelige forskningsmetoder - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Normalt Bergen

Mål og innhald

Føremålet med RELV306 er å gje metodisk og forskingsetisk grunnlag for arbeidet med masteroppgåva.

RELV306 vil fokusera på sentrale metodar innan religionsvitskapleg forsking samt forskingsetikk.

For mastergradsstudentar i religionsvitskap er emnet obligatorisk, og skal normalt takast i andre semester. Emnet kan etter søknad til fagkoordinator, om det er faglege argument for det, erstattast av metodeemne ved andre institutt, fakultet, eller institusjonar.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Krav til forkunnskapar

RELV301

Tilrådde forkunnskapar

For mastergradsstudentar i religionsvitskap er emnet obligatorisk, og skal normalt takast i første semester. RELV306 kan etter søknad bytast ut med et anna metodeemne.

Krav til studierett

Ope ved opptak til mastergraden i religionsvitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt 15 - 20 undervisningseiningar (forelesingar, seminar, praktiske øvingar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte ved undervisning på minst 60 %.

Vurderingsformer

Eksamen består av (a) ei skriftleg oppgåve på til saman 4000-6000 ord (om lag 10-15 sider) og (b) ein heimeeksamen (5 dagar). Oppgåva tel 60%, heimeeksamen tel 40%

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk

Litteraturliste

Ca. 1000 - 1400 sider, der ein del er fellespensum og ein del er valfritt med særleg relevans for semesteroppgåva. Valfritt pensum skal dokumenterast i litteraturlista i semesteroppgåva.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studieveileder@ahkr.uib.no
Telefon 55 58 30 28 / 55 58 33 70
55 58 23 00 (sentralbord)

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR),
Det humanistiske fakultet, UiB.
Øysteins gate 1-3, 5007 Bergen

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)