Emner: RELV325 Islam - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Det humanistiske fakultet, UiB

Mål og innhald

 

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg inngåande kunnskapar om islam. Både historiske tema og aktuelle tema vert fokusert på: Koranen og korantolking, hadithlitteraturen, islamsk rettsvitskap, og muslimsk rituelt liv, vidare islam og kjønn, muslimske rørsler og retningar, og visuelle uttrykk for muslimske trusforestillingar.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

- gode kunnskapar om det historiske og tekstlege grunnlaget for islam og om framveksten av ulike tolkingar som presenterer islam som ein religion i endring

- kunnskapare om ulike former for islam og mulimske religiøse ritual og høgtider, islam og kjønn, muslimske røsler og retningar

- kunnskapar om korleis muslimske trusforestillingar kan bli gitt uttrykk ikkje berre i tekstar eller handlingar, men også i visuelle medium

Ferdigheiter

- evne til å setja kunnskapane om islam inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar

- evne til å analysera fagstoff og trekka eigne slutningar

- evne til å skriva ein resonnerande tekst

- evne til å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten skal kunna

- skaffa seg informasjon på eiga hand, og vurdera han kritisk og vitskapeleg

- formidla informasjon og teoriar frå dette kunnskapsfeltet

- kommunisera faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innafor fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar om islam tilsvarande RELV102 er ein føresetnad.

Mykje av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha gode engelskkunnskapar.

 

Krav til studierett

Ope ved opptak til masterprogrammet i religionsvitskap eller andre masterprogram

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

8-10 forelesingar/seminar à to timar pr veke, fordelt på heile semesteret

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte ved undervisning på minst 75%.

Studentane skal halde minst eitt seminarinnlegg basert på pensum, og diskutera kvarandres arbeid.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne møte til eksamen.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar.

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.

Fagleg overlapp

RELV225

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1200 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)