Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
Grunnleggande kunnskap om korleis menneskerettane fungerer, og brei kunnskap om kva slags rettar og avgrensingar religion har ifølgje menneskerettane.
Ferdigheiter
Evne til å analysere menneskerettslege problemstillingar og trekkje eigne slutningar ut frå gjeldande menneskerettar,
Evne til å skrive ein analytisk tekst om religion og menneskerettar,
Erfaring med å formidle informasjon, idear og problemstillingar om emne,
Generell kompetanse
Generell innsikt i korleis menneskerettane fungerer og evne til å skrive religionsfaglege analysar av menneskerettslege problemstillingar. Kompetanse til å skrive ein analytisk fagtekst med utgangspunkt i sjølvvald problemstilling.