Emner: RUS100 Grunnkurs i skriftlig og muntlig russisk - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gjev ei elementær innføring i hovudlinene i russisk språk og realia og skal danna eit godt grunnlag for vidare studium i russisk.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført innføringskurset i rissisk skal studentane

 RUS100 gjev ikkje berre grunnlag for vidare studium i russisk, men kan også koma til nytte i ei rekkje andre studium, yrke og yrkeskombinasjonar.

For studentar som ikkje kan dokumentera kunnskapar tilsvarande RUS100 eller har greidd ein fagdiagnostisk test som vert arrangert i byrjinga av kvart semester, er RUS100 eit obligatorisk emne for å kunna ta vidare studium innan russisk bachelor (RUS111, RUS112, RUS113, 114, RUS211 og RUS252).

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande forkunnskapar i setningsanalyse er sterkt tilrådd.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset går over heile semesteret, i12 veker, med minimum 8 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vera førelesingar kombinerte med øvingar, omsetjing, lesevurdering, samtalar og liknande.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte til minst 70% av undervisninga. Studentane må også levera 70 % av dei skriftlege innleveringsarbeida.

Vurderingsformer

Ein avsluttande skriftleg skuleeksamen på 4 timar pluss munnleg eksamen.

Ved samanrekning av samla karakter for dei to eksamensdelane tel den skriftlege skuleeksamen 70 % og den munnlege 30 %. Begge delar må vera greidde i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Ei begynnarbok vert gjennomgått. I tillegg kjem praktisk fonetikk og enkel konversasjon på russisk.

Emneevaluering

Studentane skal evaluera undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no