Emner: RUS112 Russisk kultur, tekst og tale - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
RUS112 omfattar førelesingar i Kultur og praktisk undervisning i Tekst og tale. Emnet skal gje innsikt i russisk historie, kulturhistorie og litteratur og øva opp dugleik i munnleg russisk.
Læringsutbyte
Etter fullført emne: Studentane- har kunnskap om hovudlinene i russisk historie og kulturhistorie og basiskunnskap om russisk kultur og samfunn.
- har utvikla eit reflektert forhold til russisk historie, kultur og samfunn gjennom analysar av ulike historiske utviklingstrekk, kulturelle uttrykk og samfunnsmessige endringsprosessar.
- har betre dugleik i å snakka, lesa og forstå russisk.
- har øving i å omsetja tekstutdrag, munnleg og skriftleg, frå russisk til norsk.
- er i stand til å føra enkle samtaler om dei russiskspråklege pensumtekstane på russisk.
Krav til forkunnskapar
RUS112 byggjer på RUS100, Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk, og det blir kravd faglege føresetnader som svarer til dette emnet.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Full fagleg overlapp med RUS102
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i Kultur går over eit heilt semester med 1 dobbel førelesing i veka.
Undervisninga i Tekst og tale går over eit heilt semester med 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil her vera munnleg og skriftleg omsetjing av pensumtekstar og konversasjon med den russiske språkpedagogen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1) Oppmøte til minst 70% av førelesingane;
2) Oppmøte til minst 70% av undervisninga i munnleg russisk;
3) Oppmøte til minst 70% av undervisninga i tekstgjennomgang;
4) ei godkjent skriftleg heimeoppgåve på omlag 1500 ord om eit kulturrelatert emne. Oppgåva skal skrivast på norsk. Studentane må òg møta på rettleiing i samband med essayet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Kultur: Skriftleg skuleeksamen på 5 timar. Svaret på oppgåvene skal skrivast på norsk.
Tekst og tale: Munnleg eksamen inneheld lesing og omsetjing av eit tekstavsnitt frå pensum og deretter ein samtale på russisk.
Ved samanrekning av samla karakter for Kultur og Tekst og tale tel Kultur 60 % og Tekst og tale
40 %. Begge vurderingsdelane må vera greidd i undervisningssemesteret.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emnet tek utgangspunkt i eit pensum på om lag 100 sider med enkle russiske tekstar, i tillegg til utvald sekundærlitteratur.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no