Emner: RUS113 Russisk grammatikk (2) og Skriftlig russisk (2) - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

RUS113 er sett saman av Russisk grammatikk (2) og Skriftleg russisk (2). RUS113 skal utvida kunnskapane i grammatikk til å omfatta alle sentrale emne og utdjupa innsikta i russisk språkstruktur. Studentane skal vidare øva opp dugleiken sin i skriftleg russisk og i omsetjing frå norsk til russisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne: Studentane

Krav til forkunnskapar

Begge disiplinane i RUS113 byggjer på RUS100, RUS111og RUS112, og det blir kravt faglege føresetnader som svarer til desse emna.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga i Russisk grammatikk (2) vil gå over eit heilt semester med 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vera førelesingar og øvingar.

Undervisninga i Skriftleg russisk (2) vil gå over eit heilt semester med 2 timar undervisning i veka. Undervisningsforma er omsetjing frå norsk til russisk og andre skriftlege øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte til minst 70% av undervisninga. Det blir også kravd at studentane leverer minst 70 % (8 av 12) av dei skriftlege innleveringsarbeida.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 6 timar som omfattar både Grammatikk og Skriftleg russisk (ei skriftleg omsetjing frå norsk til russisk) blir avvikla i slutten av vårsemesteret. Svara på grammatikkoppgåvene skal skrivast på norsk. Ved samanrekning til samla karakter for dei to eksamensdelane tel grammatikken 60 % og omsetjinga 40 %. Studenten må ha ståkarakter i begge eksamensdelane.

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta, kor F er stryk.

Fagleg overlapp

Full fagleg overlapp med RUS103

Litteraturliste

Pensum består i hovudsak av eit grammatikkverk som gjev ei elementær og oversiktleg innføring i russisk grammatikk.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no