Emner: RUS114 Russisk kultur (2) Tekst og tale (2) - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Russisk kultur og tekst: Norsk

Munnleg russisk (tale): Russisk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

RUS114 omfattar førelesingar i Kultur og praktisk undervisning i Tekst og tale. Emnet skal gje fordjupa innsikt i russisk kultur med hovudvekt på russisk litteratur, øva opp den munnlege dugleiken og gje viktig skrivetrening.

RUS114 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i russisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne: Studentane

Krav til forkunnskapar

RUS114 byggjer på RUS100, RUS111 og RUS112, og det blir kravd faglege føresetnader som svarer til desse emna.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga i RUS114 går over eit heilt semester med førelesingar, tekstgjennomgang og 4 timar i veka med munnleg trening.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte til minst 70% av undervisninga. Studentane må også møta på rettleiing i samband med essayet.

Vurderingsformer

Mappevurdering og munnleg eksamen.

 

I vurderingsmappa inngår eit rettleidd essay og ei skriftleg kunnskapsprøve. Essayet, som er på om lag 2000 ord, skal leverast til fastsett frist. Essayet tel 60% og kunnskapsprøva 40% av mappa.

 

Munnleg eksamen inneheld lesing og omsetjing av eit tekstavsnitt frå pensum og deretter ein samtale på russisk.

 

Ved fastsetjing av samla karakter tel mappa 70% og munnleg eksamen 30%. Ein må ha ståkarakter i alle vurderingsdelane for å få ståkarakter i heile emnet. Alle vurderingsdelane må vera greidd i eksamenssemesteret.

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta, kor F er stryk.

Fagleg overlapp

Full fagleg overlapp med RUS154.

Litteraturliste

Pensum omfattar eit utval primærtekstar på russisk og sekundærlitteratur som skal danna grunnlag for kunnskapsprøva og for skriving av essayet.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no