Emner: RUS211 Russisk språkstruktur og skriftlig russisk - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen og St. Petersburg

Mål og innhald

Emnet består av dei to disiplinane Russisk grammatikk og Skriftleg russisk. Studentane skal gjennom ei språkvitskapleg tilnærming få god innsikt i strukturen i utvalde emne i russisk språk, og skal utdjupa dugleiken sin i skriftleg russisk og omsetjing frå norsk til russisk.

RUS211 skal òg danna eit godt fundament for vidare studium i russisk.

Studentane skal få ei forståing av språket sin plass og rolle i eit språkleg, så vel som samfunnsmessig perspektiv.

Læringsutbyte

Ved fullført emne: Studenten

Krav til forkunnskapar

Begge disiplinane i RUS211 byggjer på RUS100, RUS111 og RUS113, og det blir kravd faglege føresetnader som svarer til desse emna.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Full fagleg overlapp med RUS201.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga startar med 8¿9 veker undervisning i Bergen, der all teori vert gjennomgått, følgt av eit tilbod på normalt 6 veker undervisning ved Det norske universitetssenteret i St. Petersburg.

Undervisninga av Russisk grammatikk har normalt 5¿6 timar undervisning i veka i Bergen i veke 3¿12 og ei oppsummeringstime i mai. Undervisningsforma vil vera førelesingar og øvingar.

Skriftleg russisk går over eit heilt semester og har normalt 2 timar undervisning i veka i veke 3¿12. Undervisninga vil vera gjennomgang av skriftlege omsetjingar norsk-russisk og andre skriftlege arbeid og øvingar. Dei studentane som ikkje reiser til Sankt Petersburg får tilbod om å levera og få retta oppgåvene som vert gjennomgått ved universitetssenteret.

Kurstilbodet i Sankt-Petersburg har normalt 16¿20 timar timar undervisning i seks veker (saman med emnet RUS252) og består av grammatiske øvingar, omsetjing frå norsk til russisk, munnleg russisk og tekstgjennomgang av russisk litteratur frå pensumlista til RUS252.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte til minst 70% av undervisninga i Bergen.

2) Levering av minst ei skriftleg oppgåve som svarer til ei eksamensoppgåve i disiplinen Russisk språkstruktur, og minst 70 % (7 av 10) av innleveringsarbeida i disiplinen Skriftleg russisk (A-oppgåver) og minst 2 fritekstar (B-oppgåver).

 

 

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

 

 

 

 

Vurderingsformer

Skriftleg russisk (omsetjing til russisk): Skriftleg eksamen på 4 timar.

Russisk språkstruktur: Skriftleg eksamen på 4 timar. Svara på oppgåvene skal skrivast på norsk.

Eksamen går over to dagar. Ved samanrekning av samla karakter i dei to disiplinane tel Russisk grammatikk 60 % og Skriftleg omsetjing 40 %. Studenten må ha ståkarakter i begge disiplinane. Begge vurderingsdelane må vera greidd i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta, kor F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Utvalde emne frå ein høveleg grammatikk, supplert med språkvitskapleg litteratur.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no