Emner: RUS211 Russisk språkstruktur og skriftlig russisk - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen og St. Petersburg

Mål og innhald

Emnet består av dei to disiplinane russisk grammatikk og skriftleg russisk. Studentane skal gjennom ei språkvitskapleg tilnærming få god innsikt i strukturen i utvalte emne i russisk språk, og skal utdjupa dugleiken i skriftleg russisk og omsetjing frå norsk til russisk.

RUS211 skal òg danna eit godt fundament for vidare studium i russisk.

Studentane skal få ei forståing av språket sin plass og rolle i eit språkleg, så vel som samfunnsmessig perspektiv.

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal studenten

Krav til forkunnskapar

Begge disiplinane i RUS211 byggjer på RUS100, RUS111, RUS112, RUS113 og RUS114, og det vert kravt faglege føresetnader som svarer til desse emna.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Russisk grammatikk går over eit heilt semester med 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vera førelesingar.

Skriftleg russisk går over eit heilt semester med 2 timar undervisning i veka. Undervisninga vil vera gjennomgang av skriftlege omsetjingar norsk-russisk og andre skriftlege arbeid og øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte til minst 70 % av undervisninga.

Det vert kravd at studentane leverer minst 70 % av dei skriftlege innleveringsarbeida.

Vurderingsformer

Russisk grammatikk: Skriftleg eksamen på 4 timar. Svara på oppgåvene skal skrivast på norsk.

Skriftleg omsetjing: Skriftleg eksamen på 4 timar.

Eksamen går over to dagar. Ved samanrekning av samla karakter i dei to disiplinane tel Russisk grammatikk 60 % og Skriftleg omsetjing 40 %. Studenten må ha ståkarakter i begge disiplinane. Begge vurderingsdelane må vera greidd i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

Fullt overlapp med RUS201

Litteraturliste

Utvalte emne frå ein høveleg grammatikk, supplerte med språkvitskapleg litteratur.

Emneevaluering

Studentene skal evaluera undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no