Emner: RUS251 Russisk litteratur II - Høst 2024
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Ikkje relevant
Undervisningsspråk
Norsk, russisk og evt. engelsk ved behov.
Undervisningssemester
Vår
Siste semester for undervisning vert våren 2025.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje fordjuping i sentrale emne i den russiske litteraturen, opplæring i sjølvstendig akademisk arbeid og danna godt grunnlag for vidare studium i russisk litteratur.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om pensumtekstane og deira kontekst og kan plassere dei i høve til hovudlinene i russisk kultur- og litteraturhistorie
- har erverva kunnskap om sentrale problemstillingar i russisk litteratur
- kan arbeide sjølvstendig med litterær tekstanalyse og bruke eit sentralt litteraturteoretisk omgrepsapparat
Ferdigheiter:
Studenten
- kan bruke tileigna omgrep og analysemodellar i sjølvstendig tekstanalyse
- har øving og dugleik i kritisk lesing og vurdering av pensumstoffet
- har vidareutvikla den generelle dugleiken i russisk og er i stand til å presentere og drøfte problemstillingar knytte til pensum både skriftleg og munnleg
Generell kompetanse:
Studenten
- har god innsikt i russisk litteratur og kultur og er godt budd på vidare studium i russisk
- har ein kompetanse i tekstanalyse og akademisk skriving som også kan nyttast på andre fagfelt
- har gjennom arbeidet med semesteroppgava fått øving i å planleggje, strukturere og gjennomføre ei arbeidsoppgåve som strekkjer seg over tid
Krav til forkunnskapar
RUS100, eller forkunnskapar som svarar til dette emnet.
Tilrådde forkunnskapar
RUS100, RUS120, RUS121, RUS130, RUS131 og RUSPZ132 eller forkunnskapar som svarar til desse emna.
Studiepoengsreduksjon
Full overlapp med RUS252.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Kurset Russisk litteratur II har normalt 3-4 timar undervisning i veka gjennom heile semesteret. Undervisningsforma vil vera førelesingar og tekstgjennomgang, der delar av primær- og sekundærlitteraturen blir gjennomgått
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1) Oppmøte til minst 70% av undervisninga i Bergen.
2) Innlevering av disposisjon eller utkast til semesteroppgåva innan 15. mars, og innsending av eit utvida utkast til oppgåva innan 1. mai. Desse innleveringane gjev grunnlag for ei munnleg og ei skriftleg rettleiing.
3) Oppmøte til ei rettleiing.
4) Skriftleg kunnskapstest med omsetjing til norsk av eit utdrag frå ein russiskspråkleg pensumtekst.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før innlevering av semesteroppgåva.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Ei rettleia semesteroppgåve på om lag 4000 ord som må leverast innan fastsett frist. Oppgåva kan skrivast på norsk, russisk eller engelsk og skal fylle kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.
Siste vurderingssemester våren 2025.
Litteraturliste
Pensum omfattar skjønnlitterære tekstar på russisk og eit utval relevant sekundærlitteratur. Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for russisk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no
Institutt
Institutt for fremmedspråk