Russisk litteratur: Norsk
Munnleg russisk: Russisk
Kurset er sett saman av Russisk litteratur og Munnleg russisk. Emnet skal gje fordjuping i sentrale emne i den russiske litteraturen, opplæring i sjølvstendig akademisk arbeid og danna godt grunnlag for vidare studium i russisk litteratur.
Munnleg russisk skal vidareutvikla kommunikasjonsevna til studentane.
Undervisninga starter med 8¿9 veker undervisning i Bergen, der all teori vert gjennomgått, følgt av eit tilbod på normalt 6 veker undervisning ved Det norske universitetssenteret i St Petersburg.
Kurset Russisk litteratur har normalt 3-4 timar undervisning i veka i Bergen i veke 3¿12 og ei oppsummeringstime i mai. Undervisningsforma vil vera førelesingar og tekstgjennomgang.
Kurset Munnleg russisk med normalt 4 timar undervisning i veka i dei fyrste 8¿9 vekene i Bergen, der den siste timen er til gruppearbeid/sjølvstudiar. Undervisningsforma vil vera konversasjon og språklege øvingar. Det vert òg eit tilbod i munnleg russisk etter veke 12 dersom behovet er stort.
Kurstilbodet i Sankt-Petersburg har normalt 16¿20 timar timar undervisning i seks veker (saman med emnet RUS252) og består av grammatiske øvingar, omsetjing frå norsk til russisk, munnleg russisk og tekstgjennomgang av russisk litteratur frå pensumlista til RUS252.
1) Oppmøte til minst 70% av førelesingane i Bergen;
2) Oppmøte til minst 70% av undervisninga i munnleg russisk i Bergen;
Studentane må også møta til rettleiing i samband med semesteroppgåva.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.
Russisk litteratur: Ei rettleidd oppgåve på om lag 4000 ord som skal leverast i veke 12.
Munnleg russisk: Munnleg eksamen der studentane les, omset og kommenterer ein tekst frå pensum og blir testa i munnleg dugleik og litteratur.
Den rettleidde oppgåva må vera greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter. Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel den rettleidde oppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må ha ståkarakter i alle vurderingsdelane for å få ståkarakter i heile emnet. og alle delane må vera greidd i undervisningssemesteret.
Semesteroppgåva i RUS252 følgjer kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.