Emner: RUS301 Russisk språkhistorie og språkstruktur - Vår 2014
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk/russisk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
RUS301 gir ei grundig innføring i ei språkvitskapleg tilnærming til det russiske språket. Emnet inneheld to delar - språkhistorie og moderne russisk språkstruktur. Studentane blir presenterte for hovudtrekka i russisk språkhistorie, og det vert lagt særskilt vekt på å syna den relevansen språkutviklinga har for moderne standardrussisk og russiske dialektar. Samstundes gir kurset eit oversyn over teksttypar og litterær aktivitet frå kristninga inntil 1800-talet. Utvalde tekstar og tekstdøme blir lesne og gått gjennom. Den andre delen av kurset gir ei språkvitskapleg tilnærming til moderne russisk språkstruktur.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentane
ha ei oversikt over russisk språkhistorie og kunna beskriva dei viktigaste språkendringane i russisk.
ha opparbeidd dugleik i å lesa og vurdera språkvitskapleg litteratur, både på russisk og på andre språk.
ha innsikt i sentrale språkendringar og språkvariasjonar over tid og i rom og kunna forklara tilhøvet mellom standardspråk og dialektar og mellom skriftspråk og talemål.
ha oversikt over utviklinga av det russiske skriftspråket og av den russiske skriftkulturen og litteraturen før 1800.
kunna nemna dei viktigaste skilnadene mellom nord- og sør-russiske dialektar.
ha ei grundig forståing av moderne russisk språkstruktur og utdjupa kunnskapar om enkeltemne, som morfologisk analyse o.a.
ha oppøvd ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar, som er naudsynt for arbeid med ei masteroppgåve om russisk språk.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i russisk eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar og tekstgjennomgang
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det vert kravd oppmøte til minst 70 % av all undervisning.
To obligatoriske innleveringar
Vurderingsformer
Eksamen er ein seks timars skuleeksamen. Dei to innleveringane må vera godkjende før studentane kan gå opp til eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Litteraturliste
Russisk språkhistorie og språkstruktur har eit primærpensum og eit sekundærpensum. Primærpensum inneheld tekstar og tekstutdrag, sekundærpensum er sett saman av utvalde lærebokkapittel og artiklar frå faglitteraturen.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.