Emner: RUS302 Tekst og skriftlig russisk - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk/russisk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal skaffa seg større språkdugleik, først og fremst i det skriftlege. Dei skal utvida ordforrådet og stadfesta språkkjensla.

Læringsutbyte

Etter fullført emne: Studentane

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i russisk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet inneheld kursbasert essayskriving og omsetjingsøvingar. Undervisninga omfattar skriftleg omsetjing norsk-russisk, teoretisk og praktisk oppøving i essayskriving på russisk, tekstlesing og munnlege øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd oppmøte til minst 70% av all undervisning. Det er også obligatorisk innlevering av 70% av omsetjingane, 8 av totalt 12, frå norsk til russisk, og av disposisjon og førsteutkast til heimeoppgåva (essayet). Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Skuleeksamen og mappevurdering

 

1) Skuleeksamen på seks timar med omsetjing frå norsk til russisk av ein tekst på omlag 300 ord.

2) Mappevurdering: Eksamensforma er ei mappe som inneheld ei oppgåve (essay) på russisk på om lag 2000 ord som skal leverast til fastsett frist. I tillegg skal alle studentar opp til ei tre timars intern prøve, der dei skal skriva eit essay på russisk på om lag 500 ord. Mappa får ein samla karakter. Oppgåva tel 70% og prøva tel 30% av den samla karakteren.

Ved fastsetjing av endeleg karakter tel skuleeksamen i omsetjing 40% og mappevurderinga 60%.

Eksamen blir arrangert berre i undervisningssemesteret.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, kor F er stryk.

Litteraturliste

Studentane skal lesa eit pensum med variert sakprosa og skjønnlitteratur. Pensumet blir sett saman av studentane i samråd med faglærar og dannar grunnlaget for essayskrivinga.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no