Emner: RUS305 Fordypning i russisk språkvitenskap - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk/russisk

Undervisningssemester

Vår. Ikkje undervisningstilbod i emnet våren 2014

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

RUS305 er eit spesialisert studium i eitt eller fleire tema frå russisk og allmenn språkvitskap, og emnet høverfor studentar som tek sikte på å skriva masteroppgåva innafor russisk språk. Innhaldet i emnet vil variera frå semester til semester. RUS305 kan etter godkjenning frå instituttet bytast ut med fellesemnet LINGMET.

Læringsutbyte

Emnet gir utvida kunnskapar om utvalte emne i russisk og allmenn språkvitskap og skal øva opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar. Emnet tek sikte på å gi eit solid teoretisk grunnlag til arbeid med ei masteroppgåve i russisk språk.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i russisk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er RUS301 og RUS302 eller tilsvarande emne.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga består i hovudsak av førelesingar og seminar med presentasjonar og diskusjonar av pensumlitteraturen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Minst 70 % oppmøte til all undervisning.

Vurderingsformer

Ei skriftleg heimeoppgåve som tel 70% av samla karakter og eit munnleg seminarinnlegg som tel 30%.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum består av utvalde tekstar innafor russisk og allmenn språkvitskap.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no