Emner: SAKDI111 Samfunnskunnskapsdidaktikk 2 - Høst 2024




Studiepoeng

5.0

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår 

Mål og innhald

Fagdidaktikken handlar om kva eit skulefag er, har vore og kan vera og korleis læraren kan presentera og planleggja faget slik at elevar med ulike føresetnader og behov kan tileigna seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei rammene som skulen er underlagt. For det første handlar skulefaget om kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunna fungera i samfunnslivet, for andre om ein kritisk tenkjemåte som vektlegg elevane sin evne til å forsvara tanke- og ytringsfridom og perspektivrikdom, sjølvkritikk og toleranse og for det tredje om støtte til ein kommunikativ tenkjemåte som vektlegg elevane sin vilje og evne til å møta samfunnet sine mangfaldige utfordringar og til deltaking i demokratiske dialogar. Dette er sentrale element i skulen sitt allmenne dannings- og utdanningsprosjekt, og emnet skal gi eit grunnlag for læraren sitt arbeid med dette faget.

Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar kunnskapane sine om og i fag, samt lærer å planleggja, gjennomføra og vurdera kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.

Undervisninga i emnet skal bidra til å vidareutvikla studentane sin evne til kritisk refleksjon omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål, med vekt på utvikling og vurdering av det faglege innhaldet i skulefaget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

Dugleikar

Studenten kan:

Generell kompetanse

Studenten kan:

Krav til forkunnskapar

SAKDI111 byggjer på SAKDI101 Samfunnskunnskapsdidaktikk 1, og på at dei to fyrste kortpraksisperiodane er godkjende.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på intergrert lektorutdanning.

Arbeids- og undervisningsformer

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Undervisninga vert organisert som førelesningar, seminar og verkstadsorientert arbeid. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er 100% obligatorisk deltaking på ein undervisningsverkstad som vert arrangert om lag midtvegs i praksisperioden for studentar som tar samfunnskunnskap som fag 2 i lektorutdanninga. Denne verkstaden vert berre tilbydd om hausten i samband med langpraksis. Godkjend deltaking på undervisningsverkstad føreset framlegging av eit undervisningsopplegg til diskusjon og at ein kommenterer framlegg frå medstudentar. 

For studentar som har samfunnskap som fag 1 er det ei obligatorisk gruppeoppgåve. 

For studentar som er på utveksling vil det bli utarbeidd alternativt opplegg.

Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein munnleg eksamen der pensumlitteraturen skal relaterast til praksis.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.Eksamenssvaret kan gis på norsk, svensk eller dansk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med følgende resultat/fravær:

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen kan du etter 15. januar / 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.  

Kontaktinformasjon

studieveileder.gov@uib.no