Emner: SAMPOL100 Examen facultatum - Innføring i sammenliknende politikk - Høst 2018
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet gir ein introduksjon til historia til faget, sentrale problem, tilnærmingar og metodar i samanliknande politikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- gjere greie for sentrale omgrep som stat, regime og regjeringsform og sentrale politiske institusjonar
- gi oversyn over dei sentrale politiske institusjonane i eit utval av land
- gjere greie for korleis ulike lands politiske økonomiske system varierer
Ferdigheiter
Studenten kan
- drøfte korleis statar varierer med omsyn til effektivitet og kapasitet
- diskutere og samanlikne politiske system i ulike land med utgangspunkt i omgrep, teoriar og modellar om politiske institusjonar, val- og partisystem
Generell kompetanse
Studenten kan
- skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk
- halde empiriske døme opp mot modellar, teoriar og kategoriar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei obligatorisk oppgåve, maksimalt 1500 ord. Oppgåva må være godkjend før ein kan gå opp til eksamen. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
6 timar skriftleg eksamen
Karakterskala
A-F
Fagleg overlapp
Emnet overlappar 10 studiepoeng med POLØK100.
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med http://www.uib.no/svf/38461/gyldig-frav%C3%A6r-p%C3%A5-eksamen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetrett til ny vurdering.
Emneevaluering
Emnet evaluerast regelmessig.
Kontaktinformasjon
studieveileder@isp.uib.no / 55583316
Institutt
Institutt for samanliknande politikk