Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
- Gjere greie for korleis statsmakta er organisert i etablerte demokrati, med vekt på variasjon og ulike løysingar når det gjeld politiske institusjonar, val- og partisystem og velferdsregimer
- Diskutera korleis statsmaktene i etablerte demokrati er innretta, korleis dei fungerer i høve til kvarandre, og vise til korleis konstitusjonar, parlament, regjering og regjeringsdanning og statens territoriale-administrative struktur varierer
- Gjere greie for partisystem og partifamiliar, val og valsystem med folkeavstemmingar, samt korleis velferdsløysingar fungerer mellom ulike land
Form: Førelesingar og seminar
Timer per veke: rundt 4
Mengd veker: rundt 14 veker
Deltaking på seminar (minimum 75 %) og to godkjende arbeidsoppgåver, kvar på maksimalt 1500
ord. Arbeidsoppgåvene må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Obligatorisk arbeidskrav
er gyldig i to undervisningssemester; det semesteret arbeidskravet blir gjennomført, samt det
påfølgande undervisningssemesteret.