Emner: SAMPOL113 Praksis i sammenliknende politikk - Høst 2014




Studiepoeng

20.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår/haust

Mål og innhald

Mål: Praktikantopphaldet skal bidra til å sjå den faglege kompetansen samanliknande politikk gjev i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og yrkeshøve.

Innhald: Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den bedrifta dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante i forhold til deira faglige kompetanse og i forhold til bedriftene sine behov.

Ved semesterstart vert det helde oppstartsseminar med fokus på å bu studentane på praksis, der ein viktig del er å medvitsgjere studentane på sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. Vidare går ein igjennom praktiske utfordringar og forslag til løysningar på situasjonar som kan oppstå.

Studentane får rettleiing både frå bedrifta og frå institutt for samanliknande politikk. Kvar student får minimum ein individuell rettleiingstime på instituttet, i tillegg til to fellessamlingar der ein drøftar innsendte utkast på praksisrapporter. Studentane skal i ei kort utgreiing drøfte sin egen kompetanse i forhold til praksisen og reflektere over praksissemesteret. Studentane skal i ein praksisrapport drøfte arbeidsoppgåver og praksisbedrift, samt presentere eitt større utgreiingsarbeid. Ein ventar at studentane leverar to utkast til praksisrapport i løpet av semesteret, og kommenterer på medstudentar sine utkast til praksisrapport.

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta praksisemnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

MET102 og SAMPOL110

Krav til studierett

Emnet er avgrensa til studentar som har SAMPOL110 og MET102.

Det er høve til å søkje om opptak til SAMPOL113 same semester som ein tek eksamen i SAMPOL110 og MET102.

Opptakskrav

Søknadsprosedyre

Søknad og CV sendast til Institutt for samanliknande politikk.

Søknadsfrist

15. mai (for vårsemesteret) / 15. november (for haustsemesteret)

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Form: Seminar og individuell rettleiing

Tal veker: rundt 16 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar, kommentering på fire medstudentar sine praksisrapportar.

Vurderingsformer

Mappeeksamen:

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Kun eksamen i semester med undervisning

Emneevaluering

Kvart semester

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no/ 55583316

 

Institutt

Institutt for samanliknande politikk