Emner: SAMPOL114 Praksis i sammenliknende politikk - utland - Høst 2014




Studiepoeng

30.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår/Haust

Undervisningsstad

Instituttet, praksisbedrift

Mål og innhald

Mål: Praktikantopphaldet skal bidra til å sjå den faglege kompetansen samanliknande politikk og Europastudiar gjev i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og yrkeshøve.

Innhald: Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den verksemda dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante i forhold til deira faglige kompetanse og i forhold til bedriftene sine behov.

Ved semesterstart vert det helde eit oppstartsseminar med fokus på å førebu studentane på praksis, der ein viktig del er å medvitsgjere studentane på sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. Vidare går ein igjennom praktiske utfordringar og forslag til løysningar på situasjonar som kan oppstå.

Studentane får rettleiing både frå bedrifta og frå institutt for samanliknande politikk. Kvar student får minimum to individuelle rettleiingstimar på instituttet. Studentane skal i ei kort utgreiing drøfte sin egen kompetanse i forhold til praksisen og reflektere over praksissemesteret. Studentane skal i ein praksisrapport drøfte arbeidsoppgåver og praksisbedrift, samt presentere eitt større utgreiingsarbeid. Ein ventar at studentane leverar to utkast til praksisrapport i løpet av semesteret, og kommenterer på medstudentar sine utkast til praksisrapport.

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta praksisemnet skal studenten kunne:

- Nytte fagkunnskapane studiar ved samanliknande politikk gjev i ein reell arbeidssituasjon.

- Kombinera teori med erfaringsbasert læring og reflektere over forholdet mellom teori og praksis.

- Utøva faget gjennom arbeidsrelevant praksis.

- Forstå korleis bedrifter organiserer arbeidet, og relatera spørsmål knytt til statsvitskap til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.

- Reflektera meir medvitsfullt over eiga yrkesrolle og yrkeshøve.

Krav til forkunnskapar

MET 102 og SAMPOL 110/SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107, eller EUR101, EUR103, EUR105/SAMPOL215

Krav til studierett

Emnet er avgrensa til studentar som har SAMPOL 110/SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107 og MET 102 (det er høve til å søkje om opptak til SAMPOL 114 same semester som ein tek eksamen i SAMPOL 110/SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107 og MET 102).

- Alternativt må emna EUR101, EUR103, EUR105/SAMPOL215 være avlagt og fordjupinga i bachelorgraden starta.

- Søkjar må ha karakteren C i snitt på fag avlagt under institutt for samanliknande politikk.

- Søkjarar frå bachelorprogrammet i Europastudium vil verte prioritert.

- Normert studieprogresjon vert vektlagt.

Søkjarar som møter krava ovanfor vil verte vurdert på bakgrunn av søknad og CV, og kan vidare verte vurderte ut i frå intervju.

Søknadsprosedyre: Søknad og CV sendast til institutt for samanliknande politikk.

Søknadsfrist: 15. mai (vår) / 15. november (haust)

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Form: Seminar og individuell rettleiing

Mengd veker i praksis: 16 veker

Totalt timar: fire timar seminar, to rettleiingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Fullført praksisopphald, kommentere medstudentar sine praksisrapportar.

Vurderingsformer

Mappeeksamen:

- Deltaking etter særskilt avtale inngått mellom student, Universitetet og praksisbedrift.

- Innlevering av praksisrapport 5500-7500 ord.

- Munnleg presentasjon av praksisrapport

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Overlappar 100 % med SAMPOL113

Vurderingssemester

Samme som undervisning

Emneevaluering

Emnet evaluerast jamleg

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no/ 55583316

Institutt

Institutt for Samanliknande politikk