Emner: SAMPOL307 Komparative metoder - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet omhandlar og diskuterer bruken av kvalitative metodar i faget slik at studentane lærer å setje opp og gjennomføre studiar i samanliknande politikk.

Hovuddelen av emnet vil presentera og diskutera dei vanlegaste kvalitative komparative metodane. Emnet gjer studentane kjend med debattane om, og diskuterer fordelane og ulempene ved, ulike kvalitative tilnærmingar til faget. Me vil diskutera kva for type spørsmål ulike kvalitative studiar er særskild veleigna til å svare, lære om strategiar for val av case, ulike formar for kvalitative analytiske logikkar og ulike metodar for innsamling og analyse av kvalitative data. Emnet rettar særleg fokus på klassisk komparativ metode, komparativ historisk analyse, case-studiar, og teknikkar for feltarbeid. Debattane vil bli illustrert med velkjende døme frå litteraturen som studentane blir beden om å lese kritisk med blikk på korleis dei løyser metodologiske utfordringar. Emnet vil gjennom førelesingar, seminar og personleg rettleiing gje ei innføring i korleis utforme ei prosjektskisse for masteroppgåva gjennom å lesa og diskutera tidlegare prosjektskisser, mastergradsoppgåver, utarbeiding, diskusjon og presentasjon av eigne forslag.

 

 

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:

 

 

 

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i samanliknande politikk eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL305 Multivariat dataanalyse

SAMPOL306 Masterseminar i komparativ politikk

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar som er tatt opp til masterprogrammet i samanliknande politikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Form: seminar/førelesingar/rettleiing

Timer per veke: omlag 2

Mengd veker: omlag 12

To seminar: eit halvdagseminar, eit heildagseminar.

Totalt timer: omlag 36

Rettleiing til prosjektskissa vert gjeven av førebels rettleiar. Studenten har krav på 3 møter med rettleiar.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i seminar/førelesingar (minst 75%).

Midtvegsseminar: munnleg framlegg av idé til prosjektskisse.

Sluttseminar: Munnlegg framlegg og presentasjon av prosjektskisse.

Skriftleg innlevering: Prosjektskisse til masteroppgåva. Skissa vurderast som godkjend/ ikkje godkjend. Det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i inneverande undervisningssemester.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 6 timar

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

Full poengreduksjon mot SAMPOL304

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg

Kontaktinformasjon

post@isp.uib.no / studieveileder@sampol.uib.no/ 55583316