Emner: SAMPOL307-2 Komparative metoder - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Kurset omhandlar og diskuterer bruken av kvalitative metodar i faget slik at studentane lærer å setja opp og gjennomføra studiar i samanliknande politikk.

Hovuddelen av kurset vil presentera og diskutera dei vanlegaste kvalitative komparative metodane. Kurset gjer studentane kjend med debattane om, og diskuterer fordelane og ulempene ved, ulike kvalitative tilnærmingar til faget. Me vil diskutera kva for type spørsmål ulike kvalitative studiar er særskild veleigna til å svare, lære om strategiar for val av case, ulike formar for kvalitative analytiske logikkar og ulike metodar for innsamling og analyse av kvalitative data. Kurset rettar særleg fokus på klassisk komparativ metode, komparativ historisk analyse, case-studiar, og teknikkar for feltarbeid. Debattane vil bli illustrert med velkjende døme frå litteraturen som studentane blir beden om å lesa kritisk med blikk på korleis dei løyser metodologiske utfordringar. Studenten vil gjennom eigestudie og personleg rettleiing få ei innføring i korleis utforme ei prosjektskisse for masteroppgåva gjennom å lesa og reflektera rundt tidlegare prosjektskisser, mastergradsoppgåver og utarbeiding av eigne forslag.

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL305 Multivariat dataanalyse

SAMPOL306 Masterseminar i komparativ politikk

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar som er tatt opp til masterprogrammet i samanliknande politikk og har førehandsgodkjent utanlandsopphald.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Form: eigestudie/rettleiing

Rettleiing til prosjektskissa vert gjeven av førebels rettleiar. Studenten har krav på 3 rettleiingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftleg innlevering: Prosjektskisse til masteroppgåva. Skissa vurderast som godkjend/ ikkje godkjend. Det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i inneverande undervisningssemester.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, ei veke, maksimum 4500 ord

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

Full poengreduksjon mot SAMPOL304 og SAMPOL307

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg

Kontaktinformasjon

studieveileder@sampol.uib.no/ 55583316