Emner: SAMPOL342 Forskningsemne 2 "demokrati og utvikling" - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk eller norsk

Undervisningssemester

Vår - uregelrett

Mål og innhald

Forskingsgruppa «Demokrati og utvikling» fokuserer sin faglege aktivitet på studiet av institusjonsutvikling og politikkutforming i regimer som nylig har gjennomgått ein overgang frå ein autoritær til ein meir open og konkurranseorientert styringsform. Forskingstema i det tematiske masteremnet som blir tilbode av denne gruppa inkluderer teoretiske og empiriske studiar av dilemma knytt til å halde styringsmakter ansvarlege, representasjon og valinstitusjonar, og utfordringar ved å handheva skriftlege lover i praksis. Det geografiske fokuset til kurset vil variere, men baserer seg i hovudsak på land som har utvikla fleirpartisystem og demokratiske institusjonar i nyare tid i Latin-Amerika, Aust- og Sentral-Europa, Afrika sør for Sahara og delar av Asia.

Emnet inviterer masterstudentar til å delta aktivt og kritisk i diskusjonar om aktuell og pågåande forsking innanfor studiar av samanliknande politikk. Emnet veks ut av eit forskingsfelt kor medlemmar av fakultetsstaben ved institutt for samanliknande politikk er aktive deltakarar. Gjennom å lese utvalt litteratur frå forskingsfeltet, ta del i seminardiskusjonar og produsere skriftlege essays vil studentar bli engasjert i eit mangfald av teoretiske diskusjonar og empiriske funn. Studentar blir òg oppmuntra (for positivt ord) til å delta i ein kritisk vurdering av det empiriske fundamentet og dei metodologiske tilnærmingane som vert presentert innanfor det aktuelle forskingsfeltet.

Emnet er organisert etter seminarmodellen og me forventar derfor at studentar vil møte førebudd, for å delta aktivt i diskusjonar, til kvart seminar. Gjennom slike diskusjonar vil studentar forbetre sine evner til å formulere konstruktiv kritikk av eksisterande forsking og å utvikle sjølvstendige og originale perspektiv på utfordrande problemstillingar innanfor forskingsfeltet.

Dei spesifikke tema og innhaldet i emna vil variere frå år til år avhengig av kven av fakultetsmedlemmene innanfor dei ulike forskingsgruppene (ved Institutt for samanliknande politikk) som tar på seg ansvar for å utvikle og organisere dei. Alle forskingsgruppene vil tilby minst eit emne kvart akademiske år.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

- Delta i den pågåande forskinga innanfor (studiar i) samanliknande politikk.

- Kritisk evaluere empiriske funn, samt det empiriske datamateriale som dannar grunnlaget for desse funna.

- Utvikle innsikter i styrkene og svakheitene til forskjellige teoretiske rammeverk.

- Presentere, både skriftleg og verbalt, utfordrande fagleg materiale.

- Delta i eksisterande forskingsprosjekt, samt å initiere sine eigne prosjekt.

Krav til forkunnskapar

Studentar må ha fullført ein bachelorgrad i statsvitskap eller innanfor eit liknande fagfelt (må godkjennast av administrasjonen ved institutt for samanliknande politikk).

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL305 Multiple Regression Data Analysis

SAMPOL306 Seminar in Comparative Politics

Krav til studierett

Emnet er i hovudsak orientert mot studentar som er tatt opp på institutt for samanliknande politikk sitt masterprogram, men er òg ope for utvekslingsstudentar etter godkjenning av førespurnad.

Kurset er avgrensa til maksimum 15 studentar. Tilgang til kurset vert gjeve til dei fyrste 15 som vurderingsmeldar seg i emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar 1-2 gongar i uka

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1 innleveringsoppgåve

Obligatorisk oppmøte på seminar (minimum 75 %)

Vurderingsformer

Essay eller heimeeksamen (maks. 4500 ord)

Vurderingssemester

Vår - uregelrett

Emneevaluering

Emnet evaluerast jamleg