Haust
Emnet er samansett av tre hovudkomponentar, som saman tar sikte på å 1) gje studenten eit generelt oversyn over samfunnsvitskaplege tankemåtar og metodar, 2) auke studenten si mestring av akademisk skriving og lesing, og 3) innføra studenten i sentrale antropologiske tematikkar, metodiske tradisjonar og fagspesifikke formidlingsformar. Emnet er satt saman med tanke på å utfylla SANT100
Den første bolken gjev eit kort overblikk over samfunnsfaga si historie og ei innføring i nokre sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkemåtar. Bolken formidlar kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag.
Den andre bolken gjev ei innføring i stilistiske og skrivetekniske særtrekk ved samfunnsfagleg akademisk skriving gjennom tekstanalyse og skrivetrening. Studenten lærar å tolka og utforma ein akademisk tekst i samhøve med disiplinære normer for fagleg form og innhald, med eit særleg fokus på sosialantropologiske tekstar. Det blir lagt vekt på å læra studenten å identifisera og trekkja ut dei faglege argumenta i ein tekst.
Den tredje bolken er førebuande til substansemna SANT102-SANT105. Det blir lagt vekt på sosial organisasjon, ervervsmåtar og humanøkologi, samt sosial differensiering, ideologi og trusformar. Bolken er monografibasert med det føremål å gje studenten ei heilskapleg forståing av forholdet mellom det antropologiske feltet, antropologisk metode, antropologisk kunnskapsproduksjon og tekstleg framstilling. På denne måten utfyllar dei tre bolkane innanfor emnet kvarandre, samstundes som studenten blir gjeven ei innføring i sentrale antropologiske tematikkar, teoretiske retningar og analytiske tenkemåtar.
Dei kunnskapar og den praksisøvinga som kurset gir, kan brukast på alle fag ved Det samfunnsvitskapelige fakultet.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Ferdigheitar
Generell kompetanse
Ingen
SANT100
studieveileder@sosantr.uib.no
55 58 92 50 / 55 58 94 51
Institutt for sosialantropologi