Emner: SOS101 Klassisk og moderne sosiologisk teori - Vår 2024




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet skal gje innsikt i sentrale bidrag i klassisk og moderne sosiologisk teori. Det vil kunna variera frå semester til semester kva for bidragsytarar eller teoretiske perspektiv som vert tekne opp og kor stor vekt det vert lagt på dei ulike perspektiva. Ein blir kjend med korleis tilhøvet mellom sosial handling og sosial orden blir handsama innanfor dei ulike perspektiva. Er det det sosiale systemet eller dei sosiale handlingane som står i sentrum, og kva er det som kjenneteiknar teoriane om sosial handling og sosiale system? Dei ulike teoribidraga vert presenterte gjennom eit utval av sosiologiske originaltekstar som tar opp ei rekke sentrale sosiologiske tema. Døme er makt og legitimitet, sosial kapital og nettverk, klasse og sosial ulikskap, integrasjon og fellesskap, kjønn, urbanitet, sosial samhandling, og utviklinga av sjølvet. Målet er at studentane skal lære å bruke kunnskapen om ulike perspektiv til å drøfte aktuelle samfunnsspørsmål.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse: 

Kunnskapar

Etter avslutta emne kan studenten

Dugleikar

 Etter avslutta emne kan studenten 

Generell kompetanse

 Etter avslutta emne har studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SOS100A Innføring i sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Innføring i sosiologi

Studiepoengsreduksjon

Nei

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga inneheld forelesingar og seminar. I seminara får studentane trening i munnleg drøfting av faglege problemstillingar.

12-14 førelesingar  og 12 seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve (2500 ord, +/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timars skriftleg skuleeksamen. 

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med https://www.uib.no/student/116194/syk-på-eksamengyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet. 

Kontaktinformasjon

studieveileder.sos@uib.no