SOS116 er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innan det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Formålet med dette emnet er å gje studentane kunnskap om klassiske og nyare bidrag i norsk og internasjonal forsking om sosiale klassar, stratifikasjonsforsking og sosial mobilitet. Emnet fokuserer på moderne vestlege samfunn, og tek opp spørsmål som:
Emnet vil vektlegge desse problemstillingane og prosessane sin historiske karakter. Eit hovudtema vil derfor vere å følgje linjene frå dei klassiske analysane av sosial ulikskap og differensiering til analysar av slike skilleliner i dagens vestlege samfunn. Likeeins vil problemstillingar i høve til sosial endring vs. sosial stabilitet eller reproduksjon stå sentralt.
Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne
SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar
Førelesingar (20-24 timar) og seminar (ca. 20 timar)
Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
6 timar skuleeksamen
Karakterskala A-F
Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emner på bachelor- og masternivå i sosiologi.