Emner: SOS202 Bacheloroppgave i sosiologi - Vår 2024




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Hovudmålet med bacheloroppgåva er at studentane skal lære å foreta ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei sosiologisk problemstilling med utgangspunkt i sosiologisk litteratur.

Ein får ei generell innføring i korleis ein skriv ei større sosiologisk drøftingsoppgåve og skal deretter skrive ei slik oppgåve, bacheloroppgåva, med støtte frå ein fagleg vegleiar. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid der ei sjølvvald problemstilling blir drøfta ut frå sosiologiske perspektiv. Dette kan anten gjerast som ei reint teoretisk drøfting, ei drøfting basert på tidlegare empirisk forsking, ei eiga undersøking av empiriske data, eller ein kombinasjon av desse. Under arbeidet med oppgåva må ein sette seg grundig inn i eit sosiologisk tema. Etter at oppgåva er skrive skal den presenterast munnleg.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

Ferdigheter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

MET102 og minst to andre 15-studiepoengsemne på 100-nivå i sosiologi.

Studiepoengsreduksjon

SOS202-L (10sp)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB som oppfyller forkunnskapskrava

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og rettleiing. 

Ein har kun rett på rettleiing i et semester.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Arbeidskravet må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav har ingen tidsavgrensing. 

Vurderingsformer

Innlevering av ei bacheloroppgåve (8000 ord +/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) og justerande munnleg eksamen.
  1. Ein student har i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same bacheloroppgåve i SOS202 fleire gonger. Dersom ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten:stille og gje svar på nye problemstillingar, og/eller
  2. trekkje inn nye kjelder/data, og/eller
  3. gjere ei radikalt endra analysedrøfting av problemstillingane/empirien.
  • Studenten må søkje instituttet om å gå opp til ny eksamen i SOS202. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva.
  • Instituttet ved emneansvarlege for SOS202, avgjer søknaden
  • Hjelpemiddel til eksamen

    Alle

    Karakterskala

    Karakterskala A-F

    Vurderingssemester

    Haust og vår

    Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.sos@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 7 dagers utsatt frist.

    Litteraturliste

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

    Emneevaluering

    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

    Programansvarleg

    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

    Administrativt ansvarleg

    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk har det administrative ansvaret for emnet.  

    Kontaktinformasjon

    studieveileder.sos@uib.no