Emner: SOS302 Sosiologiske teoritradisjoner - Vår 2018
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Målet med emnet er å gje studentane innsikt i moderne sosiologisk teori og teoretiske tradisjonar i sosiologien. Emnet omfattar presentasjonar av ulike teoretiske perspektiv og teoretiske diskusjonar, og ein kritisk refleksjon over korleis desse ulike perspektiva kan kasta lys over aktuelle empiriske problemstillingar. Her fokuserer ein også på problemstillingar knytt til forskinga ved instituttet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har
- grundig innsikt i sentrale problemstillingar innanfor nyare sosiologiske teoridebattar.
- god greie på kva høve desse debattane står i til eldre sosiologiske teoritradisjonar
- brei oversikt over ulike sosiologiske teoretiske perspektiv på samfunnet
- omfattande kunnskap om korleis dei ulike perspektiva vert brukt i studier av samfunnet
- Kunnskap om korleis ein kan oppgradere kunnskapen sin om sosiologisk teori
Dugleikar
Studenten kan
- gjere sjølvstendige og kritiske vurderingar av sosiologiske teoritekstar og av korleis sosiologusk teori vert brukt i studier av samfunnet
- vurdere samanhengane mellom teoretiske perspektiv og empirisk forsking og argumentasjon
- skrive eigne tekstar som der sosiologiske teoriar blir brukte i drøfting av samfunnsfaglege problemstillingar
- forstå samanhengen mellom teoretiske perspektiv og forskinga ved Sosiologisk institutt på profilområda til instituttet.
Generell kompetanse
Studenten har
- eit solid grunnlag for å forstå vitskapleg argumentasjon, drøfta teoretiske problemstillingar, og gjera bruk av samfunnsfaglege teoriar til å drøfta konkrete problemstillingar
- Kompetanse til å skriva og formidla avanserte vitskaplege framstillingar og kritiske drøftingar av ulike teoretiske og empiriske problemstillingar
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
7 dagars heimeeksamen (4000 ord +/- 10 prosent)
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.
Kontaktinformasjon
studieveileder@sos.uib.no