Emner: SOS303 Metode - statistisk analyse - Vår 2024
Studiepoeng
10.0Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Gjennom dette emnet skal studentane utvikle ferdigheiter i bruk av statistiske analyseteknikkar, med vekt på regresjonsanalyse, og evne til kritisk forståing av forsking og resultat av forsking basert på slike teknikkar.
Emnet vil dels bestå i gjennomgang av og opplæring i bruk av statistiske analyseteknikkar, og dels vere ein gjennomgang og drøfting av døme frå forsking der slike teknikkar er brukte.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har
- avansert kunnskap om statistisk testteori, tabellanalyse, lineær regresjonsanalyse med vanlig minste kvadrats metode og logistisk regresjonsanalyse
Ferdigheiter
Studenten kan
- arbeida sjølvstendig med kvantitative data på eit avansert nivå
- gjennomføre alle stega i eit kvantitativt regresjonsbasert forskingsopplegg
- diagnostisere regresjonsbaserte analyser og være i stand til å utforme og vurdere analyser slik at dei er i tråd med regresjonsanalysens føresetnader
- nytte sosiologisk teori i praktisk utforming av problemstillingar og testbare hypotesar på ein sjølvstendig måte
Generell kompetanse
Studenten kan
- tolke og forstå kvantitativ forskingslitteratur på eit avansert nivå
- vurdere reliabiliteten til forskingsdata og analysar presentert i det offentlege ordskiftet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosiologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Tre oppgåver. Oppgåvene skal vere godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
7 dagars heimeeksamen der det skal skrivast ei oppgåve på 3500 ord (+/- 10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med https://www.uib.no/student/116194/syk-på-eksamengyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
Legeattest/gyldig fravær
Avbrudd under eksamen
Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
studieveileder.sos@uib.no