Emner: SOS322 Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi - Vår 2014
Studiepoeng
10.0
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Undervisningssemester
Våren 2014, deretter kun haust
Mål og innhald
SOS322 er eit valemne som er knytt til forskingsprofilområdet Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målet med emnet er at studentane skal få kunnskap om nyare forsking innanfor temakrinsen som dette området omfattar. Det vil òg bli fokusert på forskingsfelt som er relevante på tvers av fleire einskildtema, som klasser og sosial mobilitet. Kva hovudtema og relasjonar mellom tema det vert fokusert på i undervisninga vil variere frå semester til semester.
Læringsutbyte
Etter å ha gjennomgått emne skal studenten kunne
Gjere inngåande greie for utvalgte temaer, problemstillinger og forskingstradisjoner innenfor forskingsområdet arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi
Utforme, drøfte og analysere sosiologiske problemstillinger knyttet til denne temakretsen.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar og/eller seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Essay på 3000-4000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.