Emner: SOS340 Prosjektutvikling - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Å utvikle spesifikke kunnskapar og ferdigheiter for prosjektutvikling, knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking, og etiske problemstillingar, samt å gjennomføre forarbeid for eige masterprosjekt.

Ein arbeider med utvalde emne knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking og etiske problem. Arbeidet skjer gruppevis og individuelt med forarbeid til eige masterprosjekt og utforming av prosjektskildring. Kvar student får også ein eigen rettleiar i samband med utviklinga av prosjektopplegget og prosjektskildringa.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne

 

 

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar og individuell rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Eit utkast til prosjektskisse der tema og problemstilling er identifisert, samt at aktuell forskingslitteratur er forsøkt innarbeidd. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

Innlevering av prosjektskildring.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå ved instituttet.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no