Emner: SPED101 Språkutvikling - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med kurset er at studentane skal utvikle ein solid kunnskapsbase for å forstå normal språktileigning. Kurset vil også gje studentane ein teoretisk bakgrunn for å kunne beskrive språk.

 

Kurset vil gje ein introduksjon til sentrale omgrep i anatomi og fysiologi, lingvistikk og fonetikk som er relevante for utvikling av språk og tale, og for språk- og talevanskar.

 

Etter avslutta kurs vil studentane ha grunnleggjande kunnskap innan lingvistikk og fonetikk. Vidare vil dei vere i stand til å nytte denne kunnskapen til å forstå og analysere menneskeleg kommunikasjon. Studentane vil også få ei grunnleggjande innsikt i ein- og fleirspråkleg språkutvikling

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten ...

Ferdigheiter

Studenten ...

 

Generell kompetanse

Studenten ...

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Dei mest sentrale tema vert dekkja gjennom temaførelesingar (12x2 timar).

Deler av lingvistikk- og fonetikkemna vil bli lagt til seminargrupper (8x1,5 timar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

Alle dei obligatoriske undervisningsaktivitetane må vere godkjende før studentane kan fremstille seg til vurdering i emnet.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen der kandidaten svarar på to av tre oppgåver.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

 

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.no

mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.noStudierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10