Emne har som målsetjing å gje ei generell innføring i observasjon, kartlegging, vurdering og tiltak i tilknyting til barn med særskilde behov i barnehagen, medrekna korleis tiltakskjeda fungerer når ein har identifisert eit spesialpedagogisk behov. Fokusområde vil i all hovudsak vere retta mot områder som språkutvikling, leik og sosial kompetanse. Vidare er det ei målsetjing at studentane gjennom spesialpedagogisk praksis skal få kjennskap til korleis observasjon, kartlegging, vurdering og tiltak blir nytta og gjennomført i barnehagen.
Emnet vil gje studentane ei grunnleggjande forståing av omgrep som inkludering, likeverd, tidlig innsats, normalitet og avvik, samt statistiske omgrep som validitet og reliabilitet. Dette er naudsynt for å kunne vurdere relevans og kvalitet i aktuelt kartleggingsmateriale og testar som vert nytta i spesialpedagogisk praksis, samt kunne observere, vurdere og drøfte etiske dilemma i tilknyting til bruk av ulikt kartleggingsmateriell.
Vidare vil ei forståing av kartlegging, observasjon, vurdering og tiltak i eit individ- og systemperspektiv vere grunnleggjande å ha kjennskap til. I den samanhengen vil det bli sett fokus på korleis ein kan utforme heilskapelege observasjonar, vurderingar og tiltak for barn og unge med særskilde behov. Studentane skal gjennom emne også få kjennskap til korleis ein kan legge til rette for eit godt samarbeid med foreldre/føresette, samt aktuelle hjelpetenester.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ...
Ferdigheiter
Generell kompetanse
Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper. Seminarundervisninga legg vekt på gruppediskusjon. Det vert forventa at studentane møter førebudd til seminara. Studentane skal i løpet av semesteret utarbeide ei skriftleg framstilling av arbeidet med praksiserfaringar. Kvar student har tilbod om to timar individuell rettleiing frå seminarleiar.
Praksis, til saman 50 timar som inkluderer for- og etterarbeid. Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om praksis ved semesterstart.
Arbeidskrava må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emnet.
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
Individuell munnleg eksamen
Tlf 55 58 27 10