Emner: SPED200 Profesjonstenkning - lovverk og etikk i teori og praksis - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust (kun hausten 2018, for kull 2016)
Vår (første gang våren 2019)

Mål og innhald

Målet med kurset er at det skal gje ei innføring i, og skal bidra til refleksjon kring yrkesrolla i eit profesjonsteoretisk perspektiv. Profesjonar er ein type yrker som utfører tenester, basert på teoretisk kunnskap, erverva gjennom en spesialisert utdanning. Logopedar og spesialpedagogar yter tenester til barn, unge og vaksne med ulike former for læringsutfordringar, både med tanke på kartlegging, diagnostisering, behandling og utforming av tiltak. For logopedar gjeld dette særleg kommunikasjonsvanskar og svelgjevanskar. Profesjonell yrkesutøving skal skje i høve til lover og retningslinjer som regulerer behandling og undervisning, følgjer prinsippa for evidensbasert praksis og skal halde ein høg yrkesetisk standard. Profesjonen skal også bidra til vidareutvikle fagfeltet.

 

Studentane skal få innsyn i dei ulike lovverka som regulerer feltet innafor utdanningssystemet og helsesektoren som Barnehagelova, Opplæringslova og Helselova. Studentane skal få handlingskompetanse om tiltak som tilpassa opplæring og få innsikt i ulike planer som Individuell opplæringsplan (IOP) og Individuell plan (IP) blant anna gjennom ekskursjonar og praksis. Eit overordna mål er at studentane skal utforme planarbeid med utgangspunkt profesjonelle standardar, i brukaren sitt behov, rettigheter heimla i eksisterande lovverk og kunne gjere greie for relevante tiltak basert på forskingsbasert kunnskap.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

-Kan gjere greie for profesjonsteoretiske omgrep som profesjonsidentitet, tillit og skjønn

-Kan gjere greie for yrkesetiske prinsipp for profesjonsutøving

-Kan gjere greie for organiseringa av logopediske og spesialpedagogiske tenester for ulike brukargrupper

-Kan gjere greie for brukarens behov på individ- og systemnivå

-Kan prinsippa for evidensbasert praksis

-Kan gjere greie for ulike teoretiske modeller i spesialpedagogisk og logopedisk arbeid

 

Ferdigheiter

Studenten

-Kan anvende kriterier for forskingsbasert støtte til praksis

-Kan anvende ulike teoretiske modeller på kliniske utfordringar

-Kan utforme IOP og IP med utgangspunkt i individuelle behov, lover og retningslinjer, kontekstuelle faktorar støtta av forskingslitteratur

-Kan anvende prinsippa for evidensbasert praksis

 

Generell kompetanse

Studenten

-Skal kunne kritisk drøfte yrkesetiske utfordringar

-Skal kunne kritisk drøfte faget sitt kunnskapsgrunnlag og forskingstradisjonar

-Skal kunne drøfte faget sitt samfunnsmandat

-Skal kunne drøfte logopedisk og spesialpedagogisk yrkesutøving i eit individ- og systemperspektiv

-Kunne gjere greie for og drøfte sentrale omgrep (tilpassa opplæring, spesialundervisning, inkludering) i lovverk og styringsdokument

-Kan finne fram til og bruke forskingslitteratur

Krav til studierett

Opptak til bachelor i spesialpedagogikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar og seminar

Problembasert læring utgjer ei viktig del av arbeidsforma i kurset, og deltakinga i pbl-grupper er obligatorisk (32 timar over 8 veker, inntil 6 timar rettleiing).

Førelesningar 18 t (9 x 2 t).

50 timar praksis, inkludert for- og etterarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent deltaking i pbl-arbeid og seminar

Godkjent praksis

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering med tre skriftlege arbeid

Oppgåve om evidensbasert praksis med øving i APA-standarden

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust (kun hausten 2018, for kull 2016)
Vår (første gang våren 2019)

Litteraturliste

Av di kurset er basert på problembasert læring, må studentane pårekna å sjølve finne fram til og kvalitetsvurdera naudsynt litteratur som kan brukast til å underbyggje løysing av dei aktuelle problema som inngår i kurset gjennom litteratursøk og bruk av biblioteket. Studentane må pårekna å lese 100-1500 sider litteratur for å oppnå tilstrekkelig bredde og djupne for å oppnå læringsutbytte.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.noStudierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10