Emner: SPED211 Lese- og skrivevansker - Høst 2018
Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår, emnet går første gang vår 2018
Mål og innhald
Emnet vil gje studentane kunnskap om og forståing for det språklige og kognitive grunnlaget for lesing og skriving. Vidare vil emnet gje studentane kunnskap om den generelle lese- og skriveutviklinga, kva som kjenneteiknar ulike former for lese- og skrivevanskar, kva for sekundærvanskar som kan oppstå på grunn av desse vanskane og korleis ein kan arbeide med å førebygging både på system og individnivå. Emnet har eit særleg fokus på lese- og skrivevanskar og opplæringsbehov hjå barn og unge.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
- har kunnskap om tidleg språkleg og skriftspråkleg utvikling og samanhengen mellom desse
- har kunnskap om korleis den normale lese- og skriveutviklinga føregår
- har kunnskap om ulike former for lese- og skrivevanskar, kva som kjenneteiknar desse og kva for sekundærvanskar som kan oppstå som eit resultat av slike vanskar
Ferdigheiter
Studenten ..
- kan gjere greie for utviklingstrekk som tilseier at barn og unge bør utgreiast for lese- og skrivevanskar
- kan på bakgrunn av aktuelle utviklingstrekk føreslå moglege tiltak for barn og unge med lese- og skrivevanskar
Generell kompetanse
Studenten ..
- kan kritisk reflektere over faglege, etiske og utdanningspolitiske spørsmål knytt til elevar med lese- og skrivevanskar både på system- og individnivå
- kan formidle og kommunisere spesialpedagogiske problemstillingar knytt til elevar med lese- og skrivevanskar på eit fagleg nivå
Krav til studierett
Opptak på bachelor i pedagogikk eller i spesialpedagogikk
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga vert organisert som førelesingar og i grupper. Gruppeundervisninga legg vekt på studentaktive arbeidsmåtar og det vert rekna med at studentane møter førebudd.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
4 timars digital skuleeksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.no
mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.noStudierettleiar.psyfa@uib.no
Tlf 55 58 27 10