Emner: SPED250 Bacheloroppgave i spesialpedagogikk - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust (kun hausten 2018, for kull 2016)

Vår (første gang våren 2019)

Mål og innhald

Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane utvikle ein vitskapleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit større skrifteleg produkt og kva som kan vere ein føremålstenleg arbeidsmåte.

Gjennom innsamling og drøfting av relevant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å venda lys mot ei spesialpedagogisk problemstilling. Prosjektoppgåva skal leggje eit metodisk grunnlag for framtidig arbeid med ei masteroppgåve, og kan også tematisk danne opptakten til ei slik vidareføring innanfor det temaområdet som vert valt og/eller danne grunnlag for framtidig spesialpedagogisk arbeid. Oppgåva kan vere reint teoretisk, eller den kan vere ei mindre empirisk undersøking.

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

 

Ferdigheiter

Studenten ..

 

Generell kompetanse

Studenten ..

 

Krav til forkunnskapar

PSYK202A/B eller tilsvarande kompetanse

Tilrådde forkunnskapar

SPED100, PSYK114, PED112, SPED101, SPED102, og SPED211, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Opptak på bachelor i spesialpedagogikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av seminar, grupperettleiing, individuell rettleiing og tilbakemelding på oppgåveutkast.

Studentane får rettleiing undervegs i arbeidet, inntil 10 timar for oppgåver med ein forfattar, inntil 15 timar for oppgåver med to forfattarar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i obligatoriske seminar i løpet av semesteret, inkludert presentasjon av problemstilling og framdrift.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Bacheloroppgåve på om lag 7000 ord, +/- 10 %

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust (kun hausten 2018, for kull 2016)

Vår (første gang våren 2019)

Litteraturliste

Studentane legg sjølv opp litteraturliste for emnet i samråd med rettleiar.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.noStudierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10