Emner: SPLA100 Introduksjon til spansk språk og latinamerikastudium - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Spansk og norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Studentane skal få eit godt grunnlag for eit akademisk studium av spansk språk og latinamerikansk litteratur og kultur gjennom å få ei elementær innføring i dei tre disiplinane.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studentane kjennskap til hovudlinene i spansk grammatikk og uttale. I tillegg har dei fått ei første innføring i latinamerikansk litteratur og kultur. Dei har opparbeidd god leseevne og kan uttrykkja seg munnleg og skriftleg på eit enkelt akademisk spansk. SPLA100 gjev grunnlag for vidare studium i spansk språk og latinamerikansk litteratur og kultur.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset går over heile haustsemesteret (12 veker) med minimum 4 timar undervisning i veka. Undervisningsformene vil vera førelesingar kombinert med gruppeundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Ein avsluttande skriftleg eksamen på 4 timar. Eksamensspråket er spansk.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum (ca. 200 sider) vil vera på spansk, og vil innehalda utdrag frå oversiktsverk i spansk grammatikk og latinamerikansk kulturkunnskap, og ein lettlest roman.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no