Emner: SPLA101 Spansk språk I - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

SPLA101 omfattar grammatikk og praktisk språkbruk. Grammatikkstudiet gir ei grundig innføring i moderne spansk språk og i praktisk språkbruk.

Læringsutbyte

Studentane skal gjennom grammatikkstudiet og kurset i praktisk språkbruk vinna kunnskap om sentrale tema i og problemstillingar innan spansk språk og øva seg opp i bruk av språket. Studentane skal vera i stand til å bruka faglege kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset kunnskapar tilsvarande spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule.

 

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skole.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskilt eksamen.

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga i grammatikk blir gitt i form av førelesingar, normalt to timar i veka i tolv veker. Det blir undervist i sentrale delar av pensum. Praktiske øvingar i grammatikk er knytte opp til førelesingane.

Det blir normalt gitt gruppeundervisning med fokus på praktisk spansk to timar i veka i seks veker (tre grupper), dersom ressursane tillèt det.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er tre obligatoriske oppgåver som må utførast innan fristen for den einskilde aktivitet. Aktivitetane blir vurderte som godkjent/ikkje godkjent. I tråd med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eitt nytt forsøk per oppgåve om den ikkje vert godkjent ved første innlevering. Aktivitetane må vere godkjende før ein kan få vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein 6-timars skoleeksamen med spørsmål frå pensum.

For å kunna gå opp til eksamen må studentane ha fått godkjent dei obligatoriske aktivitetane som er nemnde under Obligatoriske arbeidskrav i undervisningssemesteret.

Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på alle eksamensdagane. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene, t.d. lima/stifta saman grammatikkdelen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

SLAN611 (100 %)

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no