Emner: SPLA102 Latinamerikansk litteratur - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

Spansk 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet gir kunnskapar om sentrale delar av spanskamerikansk litteratur med hovudvekt på det 20. hundreåret og etter kvart det 21. hundreåret. Kurset skal gi studentane eit breitt overblikk over moderne spanskamerikansk litteratur. 

Studiet skal gi studentane eit oversyn over hovudtendensar i spanskamerikansk litteratur frå 1492 og fram til i dag. Studentane skal arbeida med eit representativt utval tekstar frå ulike nasjonallitteraturar, genrar og epokar, og utvikla ei analytisk forståing for eigenarten ved tekstane. Studiet skal gi innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan spanskamerikansk litteratur. Studentane skal analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Læringsutbyte

Etter å ha greidd emnet skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset spanskkunnskapar som svarar til 30 studiepoeng på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga i SPLA102 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til 30 studiepoeng på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.  

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er bygd opp av førelesingsrekkjer hovudsakleg på spansk, der pensumtekstane blir kommenterte. Det blir lagt vekt både på den litteraturhistoriske konteksten og på dei formelle og tematiske kvalitetane ved tekstane. Det blir dessutan arbeidd i mindre grupper med språk, innhald og andre sider ved pensumtekstane.

Det blir gitt førelesingar seks timar i veka i 12 veker. I tillegg blir det normalt gitt gruppeundervisning med fokus på tekstanalyse og skrivedugleik to timar i veka i fire veker om ressursane tillèt det.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er tre obligatoriske oppgåver: eit kort samandrag av ein litterær tekst, ei innleiing til eit litteraturessay og ein tekstkommentar. Desse må utførast innan fristen for den enkelte aktivitet. Vurderingsforma er godkjent/ikkje godkjent.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Alle dei tre aktivitetane må vera godkjende før ein kan gå opp til vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein 6-timars skoleeksamen som blir skriven på spansk. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

SLAN614 (100 %)

Litteraturliste

Pensum (om lag 700 s.) er sett saman av eit utval romanar, noveller, og dikt frå tida etter at Latin-Amerika vart sjølvstendig. I tillegg kjem eit litteraturhistorisk referanseverk. Dette kan vera samla i eitt læreverk. Pensumutvalet har ei nokolunde lik fordeling mellom kvinnelege og mannlege forfattarar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no