Emner: SPLA103 Latinamerikansk historie - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Spansk 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studiet skal gi studentane oversyn over viktige utviklingstrekk og hendingar i latinamerikansk historie, slik at dei skal kjenna bakgrunnen for det Latin-Amerika me ser dag.

Studentane vinn innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet latinamerikansk historie. Vidare skal studentane analysera fagstoff og trekka eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Læringsutbyte

Etter å ha greidd emnet skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset kunnskapar tilsvarande spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skole.  

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skole.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Personar utan studierett kan søkja SA om å få gå opp til særskild eksamen. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 

Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Særleg er det lagt vekt på at studentane skal forstå kva innverknad historiske utviklingstrekk og hendingar har hatt på utviklinga i Latin-Amerika. Totalt blir det gitt førelesingar fire timar i veka i 12 veker.


Det blir også normalt gitt gruppeundervisning to timar i veka i 12 veker, der ein diskuterer sentrale problemstillingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er todelt:

1) Ein 7-dagars heimeeksamen (om lag 2000 ord) som blir skriven på spansk. Studentane kan velja mellom eit utval tema som blir gitt av lærarane. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

2) Semesteret blir avslutta med ein munnleg eksamen der kandidaten held ein presentasjon (8-10 min.) av eit emne frå ein annan del av pensum enn det som gjeld for heimeeksamen. Tema for presentasjonen blir gitt av lærarane. Kandidaten vil òg få spørsmål frå resten av pensum.

Heimeeksamen skal vera greidd før ein kan ta munnleg eksamen i emnet, og både heimeeksamen og munnleg eksamen må vera greidde før det blir gitt studiepoeng for emnet. Kvar av dei to vurderingsdelane tel 50% i utrekninga av den samla karakteren. Det er høve til å ta den munnlege eksamenen inntil to semester etter at heimeeksamen er greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

SLAN612

Litteraturliste

 Pensum (om lag 500 sider) kan inkludera oversynsverk, artiklar og kjeldetekstar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no