Emner: SPLA104 Kultur og samfunn i Latin-Amerika - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studiet gir innsyn i tre til fire ulike emne som gjeld kultur og samfunn i dei spansktalande landa i Latin-Amerika. Kva emne ein vel å fordjupa seg i, vil verta fastlagt av emneansvarleg og vil variera frå år til år.

Studentane skal vinna kunnskap om nokre sentrale tema og problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kulturar. Dei skal analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar. I tillegg skal dei utvikla evna til å skjøna og bruka moderne spansk munnleg og skriftleg.

Læringsutbyte

Etter å ha greidd emnet skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset spanskkunnskapar som svarar til 30 studiepoeng på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga i SPLA104 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til 30 studiepoeng på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er basert på førelesingar, gruppeundervisning og konversasjon, og legg derfor til grunn at studentane tar aktivt del i undervisningstilbodet. Det blir gitt førelesingar to timar i veka i 12 veker, og gruppeundervisning to timar i veka i 12 veker, normalt organisert som blokkundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal ha ein munnleg presentasjon på 5 minuttar og ein kunnskapstest på 1 time i løpet av semesteret. Begge deler vert gjennomført i samband med undervisninga, og studentane vil tidleg i semesteret få melding om kva datoar som er aktuelle. Studentane skal i tillegg møta til ei obligatorisk rettleiing i samband med skrivinga av semesteroppgåva. Rettleiing per e-post/tlf. blir ikkje gitt.

Alle dei obligatoriske arbeidskrava må vera godkjende for å kunna levera semesteroppgåve.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 2500 ord skriven på spansk. Studentane kan velja tema for oppgåva frå ei liste utarbeidd av emneansvarleg. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

SLAN613 (100 %)

Litteraturliste

Pensum (om lag 600 sider) kan vera sett saman av oversynsverk, artiklar og anna fagstoff, og vil variera etter kva tema kurset fokuserer på.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no