Bergen
Studentane skal gjennom grammatikkstudiet og kurset i praktisk språkbruk vinna kunnskap om og øva seg opp i bruk av spansk grammatikk og syntaks og kunna bruka denne kunnskapen i praksis, gjennom produksjon av eigne tekstar og omsetjing til og frå norsk.
Fonetikkstudiet skal gi studentane eit grundig bilete av dei ulike fonetiske variantane i spansk språk, samt øva studentane opp til å kunna identifisera desse variantane. Dei skal kunna vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
Det er tilrådd å ta SPLA105 som eitt av fire emne på 100-nivå for opptak til PPU.
Studentane bør ha fullført EXFAC00SK Språk og kommunikasjon og SPLA101 Spansk språk I eller ha tilsvarande kunnskapar.
I løpet av semesteret skal studentane skriva tre oppgåveutkast: eitt i fonetikk, eitt i grammatikk og eitt i praktisk spansk, som dei til fastsette fristar skal levera til lærarane via KARK for kommentar.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.
Mappevurdering. Eksamen vert arrangert berre i undervisningssemesteret.
Studentane skal arbeida vidare med to av utkasta nemnde under obligatoriske arbeidskrav og levera endeleg versjon av desse oppgåvene saman med eit refleksjonsnotat i ei endeleg mappe på slutten av semesteret, og denne mappa utgjer vurderingsgrunnlaget for emnet. Refleksjonsnotatet skal vera på om lag 2400 ord og skal skrivast på spansk. Mappa får ein samla karakter som blir sett på grunnlag av både innhald og språk. Kvar av dei to mappeoppgåvene tel 40 % og refleksjonsnotatet 20 % i den samla karakteren.
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
studieveileder@if.uib.no