Emner: SPLA105 Spansk språk II - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

 Spansk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

SPLA105 omfattar grammatikk, fonetikk og praktisk språkbruk. Emnet byggjer på SPLA101.

Grammatikkstudiet gir ei grundig innføring i moderne spansk grammatikk og syntaks med særleg fokus på skilnader mellom norsk og spansk. Fonetikkstudiet gir ei innføring og fordjuping i moderne spansk fonetikk, med særleg vekt på latinamerikanske språkvariantar. Det blir òg gitt ei innføring i fonetisk teori og metode.

I tillegg blir det praktiske øvingar i språkbruk, medrekna omsetjing til og frå norsk.

Læringsutbyte

Studentane skal gjennom grammatikkstudiet og kurset i praktisk språkbruk vinna kunnskap om og øva seg opp i bruk av spansk grammatikk og syntaks og kunna bruka denne kunnskapen i praksis, gjennom produksjon av eigne tekstar og omsetjing til og frå norsk.

Fonetikkstudiet skal gi studentane eit grundig bilete av dei ulike fonetiske variantane i spansk språk, samt øva studentane opp til å kunna identifisera desse variantane. Dei skal kunna vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Det er tilrådd å ta SPLA105 som eitt av fire emne på 100-nivå for opptak til PPU.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset spanskkunnskapar som svarar til SPLA101.  

Tilrådde forkunnskapar

Studentane bør ha fullført EXFAC00SK Språk og kommunikasjon og SPLA101 Spansk språk I eller ha tilsvarande kunnskapar.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga i grammatikk blir gitt i form av førelesingar to timar i veka i 12 veker.
Det blir undervist i sentrale delar av pensum og oppgåveløysing. Praktiske øvingar i grammatikk er knytte opp til førelesingane.

Undervisninga i fonetikk blir gitt i form av førelesingar to timar i veka i 12 veker. Det blir undervist i sentrale delar av pensum. Praktiske øvingar i fonetikk er knytte opp til førelesingane.

Det blir gitt gruppeundervisning med fokus på praktisk spansk to timar i veka i seks veker (3 grupper).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal studentane skriva tre oppgåveutkast: eitt i fonetikk, eitt i grammatikk og eitt i praktisk spansk, som dei til fastsette fristar skal levera til lærarane via KARK for kommentar.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Studentane skal arbeida vidare med to av utkasta nemnte under obligatoriske arbeidskrav og levera endeleg versjon av desse oppgåvene saman med eit refleksjonsnotat i ei endeleg mappe på slutten av semesteret, og denne mappa utgjer vurderingsgrunnlaget for emnet. Refleksjonsnotatet skal vera på om lag 2400 ord og skal skrivast på spansk. Mappa får ein samla karakter som blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

SLAN640

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no