Emner: SPLA202 Fordypning i latinamerikansk litteratur - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

SPLA202 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk litteratur på 15 studiepoeng. Tema for undervisninga vil variera frå semester til semester.

Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit tema frå latinamerikansk litteratur, t.d. ein periode, ein genre, eit tema, ein nasjonallitteratur eller liknande. Ein kan henta temaet i tekstutval frå 1492 og fram til vår eiga tid.

Studentane skal ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innafor eit avgrensa område. Dei skal kunna arbeida sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar.

Studentane skal kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte.

Læringsutbyte

Etter å ha greidd emnet har studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og baserer seg på spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.  

Tilrådde forkunnskapar

SPLA202 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA102.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert som seminar, og går over 12 veker, med 4 undervisningstimar i veka. Undervisninga går saman med undervisninga på SPLA252.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein 6-timars skriftleg skoleeksamen. Ein skal svara på eksamen på spansk. Ved karakterfastsetjinga blir både den språklege dugleiken og det faglege innhaldet vurderte.

Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene. 

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

SPLA252 (100 %), SLAN641

Litteraturliste

Pensum (om lag 800 sider) skal innehalda utvalte skjønnlitterære verk, og dessutan litteraturvitskaplege og -historiske tekstar knytte til desse.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Det kan i særskilte høve bli gitt løyve til å leggja opp pensum frå tidlegare semester, men då berre etter grunngjeven søknad ved semesterstart. Kontakt Institutt for framandspråk.

Pensumutvalet har så langt det er råd ei nokolunde lik fordeling mellom kvinnelege og mannlege forfattarar. 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no